Øyafestivalen 2014 er omsider over. Og i år, som alle andre, har det nok ein gong vore upåklageleg. Det er ingen tvil om at det nye festivalområdet til dels gjorde Øya til ein "ny" festival - ikkje at det treng å vera ein negativ ting. Bakkane mot scenen gjorde det optimalt for alle tilskuarar å sjå scenen, uansett kor ein måtte stå.
Når eg no ser tilbake på desse fire dagane førre veke, er det nokre klare høgdepunkt som skil seg ut. Øya er gode på å gje speleplass til norske artistar, korav mange av dei gjorde strålande konsertar i Tøyenparken. Den største overraskinga for min del var nok Aurora Aksnes. Attenåringen som ga meg frysningar langs ryggen og tårer i auga. For all del - innspelingane av hennar to utgitte singlar er sjuktsjukt fine. MEN å sjå den sarte ungjenta formidle sine egne tekstar - med heile kroppen - var ei oppleving utan like. Den dama (jenta?) har eg himla god tru på.
Highasakite skapte mykje hype rundt "Silent Treatment", deira andre fullengdar frå 2014. Ei fantastisk plate. Kanskje årets beste. Førebels. Det var to år sidan eg såg dei sist, og idet bandet i år entra scenen var det eit totalt anna image som møtte publikum enn i Middelalderparken i 2012. Flagrande fjør og lette sommarkjolar var bytta ut med markant, mørk leppestift og åttitalsbling og nittitalsminimalisme hos henhaldsvis Ingrid og Marte. I forkant av konserten var eg spent - på grensa til nervøs. Ville låtane bli framført like bra som eg så inderleg håpte på? Ved første akkord kunne eg senka skuldrene. Og ved "I, the Hand Grenade" var eg fullstendig oppslukt.
Til Röyksopp og Robyn trillar eg sekser på terningen. For ein FEST! Samarbeidsprosjektet satte fyr på Tøyenparken, og eg såg ikkje ein fot som ikkje rikka på seg eller eit andlet som ikkje bevega seg i takt med musikken. Konserten var komplett: Slagarane kom tidlig - The Girl and the Robot og Poor Leno, mellom andre. Knappe tjue minutt uti konserten dukka Susanne Sundfør opp og gjorde - som alltid - ein fantastisk vokalprestasjon. Samarbeidsprosjektet "Running To the Sea" frå 2013 satte både tårekanalane og dansefoten i gang - hos Sundfør sjølv, i tillegg til publikum. Nokre minutt seinare kjem Robyn ut på scenen og gjer det ho kan best, å lage show! Det er ikkje grenser for kva moves ho stillar opp med denne fredagskvelden: Twerking, grinding, jokking, kva gjorde dama ikkje? Röyksopp forlot scenen for ei stund med hit på hit frå Robyn: Dancing On My Own, Call Your Girlfriend og Be Mine. Drøye halvannan time uti konserten kjem bergenserduoen tilbake og byrjar på låtar frå det nylege samarbeidsprosjektet. Klokka 22:56 klikkar Øyapublikumet til monstersuksessen "Do It Again". Mitt beste festivalaugneblink - nokonsinne.
Noreg er heftig representert i favorittprestasjonlista mi, og Todd Terje er definitivt høgt oppe på den. Den beste avslutningskonserten. Ellers er King Midas, Emilie Nicolas, Kråkesølv, Thomas Dybdahl, Proviant Audio, I Was A King og Stein Torleif Bjella favorittar som sit igjen, og vil gjere det lenge.
Internasjonalt likte eg himla godt The National, Queens of the Stone Age, Janelle Monae, Outkast (sjølvklart) og Nadine Shah. Anna bra også, men mykje "meh". Diverre.
Største skuff? Neutral Milk Hotel. Eg vil så gjerne, så gjerne, men eg får det ikkje til. Korkje på plate, men i alle fall ikkje på konsert. Påtatt skranglete og amatørmessig appellerar dårleg til meg. Etter tretti minutt trong eg litt flinkismusikk, og drog på Neneh Cherry. Som denne dagen ikkje var meir enn ok.
Eg er definitivt ikkje ferdig med Øya og dei fantastiske bookingane. Sjåast snart!