lørdag 20. september 2014

BENDIK - Samfunnet Bislet 19.09.14




Klassekameratar og øl på Laundromat var den ultimate oppladinga til ein konsert eg hadde høge forventningar til. Etter debuten "Drømmen gjør meg ingenting" frå 2012 har Bendik vore eit band eg har hatt enorm tru på. Og om mogeleg vart eg enno meir frelst etter ein fantastisk gig på Slottsfell, sommaren 2013. Med tekstar som treff meg rett i sjela, melodilinjer som gjer meg frysningar inn til ryggmargen og ein trommis som er himlahimla flink, forventa eg intet mindre denne fredagskvelden. Lokale og publikum - alt låg til rette. Bortsett frå stemma til Silje Halstensen.

Ei stemme som vanligvis ber heile rommet var denne kvelden redusert til ei nølande og (ikkje minst) sliten røst. Modige Silje hadde vore utan stemme heile dagen, men stilte likevel opp på konsert. Beundringsverdig. Men likevel. Eg kjente fråveret av den klåre og tidvis sarte stemmen hennar som alltid komplementerar tekstane så fint. Den som plar løfta musikken til nye høgder, satte alt det musikalske fem steg tilbake. Det føltes slitsomt og skurrande.

Spesielt under "Jeg tror det blir bra igjen" og "Havet" (som forøvrig er to av mine favorittlåtar) kom kveldens vokale svakheit tydeleg fram. Ureint og mykje luft. Ei litt masete lytteoppleving. Sjølv om vokalisten prøvde å vere tilstade med kroppen, vart det berre halvveis då stemma ikkje hang med.

Kveldens andre skuffelsesmoment var fråveret av mi absolutte yndlingslåt, "Kjenner ingenting", på setlista. Heller ikkje då hundrevis av studenter klappa og hoia for å få bandet tilbake på scenen etter endt sett var sangen å høyre. Kjipt gjort.

Eg er ikkje verdas mest kyniske menneske, og bør difor veie opp kritikken min med eit par høgdepunkt. For all del: dei fantes.
Nummer ein: bandet. Alltid stødige og energiske.
Nummer to: "Slippe". Den nyaste singelen var kveldens musikalske høgdepunkt, og lovar bra for den komande skiva.
Nummer tre: lokalet. Bendik som band - og sånn eg oppfattar deira musikalske estetikk - kom godt til rette i eit lokale som Samfunnet. Akustikken var langt frå perfekt (mykje diskant!), men kjellaren var likevel kjempefin i størrelse og stemning.

Alt i alt: konserten var eit godt stykke frå pinefull, men korkje engasjerande heller. Den djuptstikkande, rørande kjensla av dei magiske tekstane var fråverande denne fredagskvelden. Mulig forventningane mine var litt (vel) høge, men eg veit at Bendik kan innfri. Det kan berre bli betre frå no av. 

Det riv å trille dette hos ein favoritt. Kveldens konsert: 3/6.


(PS: Bendik regramma instabiletet mitt då. JIPPI.)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar